6/28/26 10:00|Jemtegård Diskgolfbane → 18 hol|NORWAY, Møre og Romsdal, Valldal
Velkommen til SummersTour i Valldal søndag 28. juni!
SummersTour er ei ny turnering på Sunnmøre for nokre av klubbane som ikkje er med i årets Sunnmørstour. I år består SummersTour av Velledalen, Godøy, Utvika og Valldal.
Påmeldinga opnar onsdag 27. mai kl. 18.00 og stenger laurdag 27. juni kl. 20.00.
Det blir spelt 2x18 hol på Jemtegård Diskgolfbane med standard oppsett.
Klasser:
- Pro Open (teknisk sett alle)
- Mixed Amateur 3 (Metrixrating under 900)
- Mixed Amateur 4 (Metrixrating under 825)
- Pro Open Woman (damer)
- Junior <= 18 (opp til og med 18 år)
Premiering:
- Topp 3 alle klasser
- CTP
- Ace
Estimert tidsskjema:
- Infomøte ved kiosken kl. 09.30
- Runde 1 kl. 10.00
- Pause
- Runde 2 kl. 12.45 (eller 30 min etter siste gruppe inn)
- Premieutdeling kl. 15.00 (eller når siste gruppe er ferdig)
Det er ikkje mat inkludert i pausa. Ein kan ta med niste sjølv eller kjøpe pølser, brus, is, sjokolade og diverse i kiosken til Jemtegård Feriesenter.
Betaling:
- Junior kr. 100
- Resten kr. 200
- Vipps til 92 88 97 79 (Richard Moen)
- Merk med namn og klasse.
TD: Richard Moen


