Login

8/1/26 09:30|Jemtegård Diskgolfbane → 18 hol|NORWAY, Møre og Romsdal, Valldal

  • Manual: click here
  • Comment: For 12. gong arrangerer vi Jemtegård Open! 2x18 hol inkl. mat og drikke i pausa. Vi har sett maks 60 spelarar pga plassar i JoJamtstova, men vi kan utvide feltet frå til 72 deltakarar ved fint vær.

Jemtegård Open 2026

Maks. 60 spelarar (inkl. 5 wildcards). Dette kan utvidast ved godt vær (pga. sitjeplassar inne).

Klasser:

  • Open
  • Dame
  • Amatør klasse 3 (Metrix < 900)
  • Amatør klasse 3 (Metrix < 825)
  • Junior (<= 18 år).

Konkurranseform: 2 x 18 hol for alle.

Pris: 400 kr per spelar inkludert mat og drikke i pausa. Vipps til Richard Moen på 928 89 779. Merk med namn og klasse.

Påmeldingsfrist: Betalt innan fredag 31. juli kl.20:00.

Premiering: Sponsa av Robust og Valldal IL Disksport.

  • Topp tre i kvar klasse.
  • Longest put #16 = 500 kr.
  • Ace = 1.000 kr (deling ved fleire).
  • Uttrekkspremiar blant dei som møter på premieutdelinga og som ikkje har vunne.

Overnatting: Deltakarar får 10 % på overnatting ved Jemtegård Feriesenter. Sjekk www.jemtegaard.no for meir informasjon. Booking må skje direkte med Jemtegård Feriesenter (post@jemtegaard.no eller tlf 907 11 135).

Diverse:

  • Du må vere medlem i ein klubb for å vere med på Jemtegård Open.
  • Turneringa er ikkje pdga-sanksjonert.
  • Jemtegård Feriesenter har kiosk med drikke, sjokolade, is m.m.
  • Du kan få kjøpt dusjpolettar i kiosken.

Tidsskjema:

  • 09:30 Registrering/spelarmøte
  • 10:00 Start runde 1
  • 12:30 Matpause
  • 13:30 Start runde 2
  • 15:30 Premieutdeling

Alle tider er ca. og små endringar kan skje.

Banen: Standard 18-hols. Justeringar kan kome i forhold til sikkerheit, flyt, tidsbruk etc.

Kontakt: TD Richard Moen på mobiltlf. 92 88 97 79 eller richardmoen68@gmail.com.

Sponsors

Share

What would you like to share?