Login

    SOLUNDMEISTERSKAPEN 2022

    Vi har den store gleda av å ynskje deg velkomen til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for SOLUNDMEISTERSKAPEN 2022. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for diskgolf der alle koser seg og får ein hyggelig opplevelse - uansett plassering.

    Det vert også ei uformell pargolfturnering dagen derpå.

    Lenke til påmelding pargolf: https://discgolfmetrix.com/2038140&view=registration
     

    Takk til sponsorer!

    Vi er overvelda over alle som støttar Solund Sendebrettlaug og turneringa med sponsormidlar. Det betyr at alle deltakarar kan vera heldige og vinne ein premie, uavhengig av kor ein hamnar på resultatlista. Vore sponsorer er presentert i bilete nederst. Tusen takk!
     

    Praktisk informasjon:

    Turneringssenter er framføre hovudinngangen til det nye idrettshuset som omkransar hull 13-18. Det er mogleg å parkere ved klubbhuset, langs grusvegen opp mot Idrettsparken eller alternativt ved SPAR (7 min gange).

    Det er ope toalett ved idrettshuset ved bana. NB: Vatnet frå springen må ikkje drikkast pga nytt røyrsystem. Idrettshuset er dessverre ellers stengt grunna manglande branntekniske forhold.

    For å kome til Solund med bil må du køyre til Rutledal ferjekai. Deretter tar du ferja over til Krakhella kai og køyrer til kommunesenteret Hardbakke. Ein kan også kome seg til Krakhella med NORLED sin snøggbåt.

    VIKTIG: Sjekk ferjeavgangane før du køyrer (FJORD1). Du må vente lenge om du ikkje rekk ferja. Tidsskjema for turneringa på lørdagen er tilpassa slik at ein kjem seg fram og tilbake samme dag.

    Sjekk også vegmeldingane, mykje tunnellarbeid for tida. Det er vanlegvis fri ferdsel i helger.
     

    Spelarregistrering:

    Det er obligatorisk spelarregistrering ved det nye idrettshuset. Her legg vi ut eit skjema som blir lett tilgjengeleg.

    Det første du skal gjere er difor å krysse av på skjemaet at du er komen. 

    Ved avmelding: Send SMS snarast til TD - Håvard H. Mongstad på telefon 406 32 299.
     

    Tidsplan:

    Lørdag 07. Mai:

    10:00 – 11:00 Obligatorisk spelarregistrering ved idrettshuset

    Ca. 10:40 Ankomst Hardbakke med bil fra ferjekaia.

    10:50 Obligatorisk fellesinfo (ca. 10 min)

    11:30 Start Runde 1

    —— Pause med varm lunsj ——

    15:15 Start Runde 2

    Ca. 18:00 Premiering

    Ca. 19:20 Avreise til Krakhella for dei som skal med ferja.

    Ca. 19:30 Pizza eller a la carte på Skafferiet Mat & Drikke

    Søndag 08. Mai.

    11:00 Start pargolfturnering.

    Ca. 13:45 Uformell premiering

    Ca. 14:40 Avreise Krakhella for dei som skal med ferja.
     

    Informasjon om bana:

    Vi speler Draumeparken 18-hulls bane. Dette er første gongen vi får testa ei turnering med grupper på alle hull. Med sunt diskgolfvett og god kommunikasjon grupper imellom, så ivaretar vi spelarflyt og sikkerheit for deltakarane. 

    Sjå caddybok for oppdaterte baneregler (denne er nyleg oppdatert):

    Caddybok: http://www.sendebrettlauget.no/assets/Uploads/Draumeparken4.pdf

    Vi gjer særskilt oppmerksom på følgande om bana:

    • Hugs å lade mobilen! Mobilen nyttast til å føre score under turneringa.
       
    • OB er markert med pinner/stikker/markører/varder med kvit maling. Dersom det ligg slakk/laus tråd i terrenget, så nyttar ein siktepunkt mellom OB-markører.
       
    • Hull 5: Dei på hull 7 kaster langsmed- og i motsatt retning av fairway. Bruk sunt diskgolfvett. Høgste hullnummer har forkjørsrett.
       
    • Hull 6: Vent med å kaste dersom det står ei gruppe på utkast hull 7. Det skuldast at frisbeer kan lande i området rundt utkast hull 7.
       
    • Hull 10: Bruk ”spotter” på haugen og sunt discgolfvett med hensyn til hull 11 (vi håper å ha på plass ein friviljug til turneringa)
       
    • Hull 16/17: Kryssende hull. Bruk sunt diskgolfvett så løysar det seg fint. Høgste hullnummer har forkjørsrett. Klatreparken er stengt under arrangementet, men kontroller likevel at det ikkje har forvilla seg born inn i klatreparken. 
       
    • Bææææ..? Ja, du kan vere heldig å få ein villsau i fairwayen. Villsauane er hyra inn av lauget som gressklippara i fairway. Vis sunt villsauvett, så flyttar dei seg fint og pynteleg ut av fairway.

    Regler / etikette som vi vil gjere oppmerksom på:

    • Lost disk: Det finns regler som fortel kva du skal gjere dersom du ikkje finn discen du har kasta på eit hull. Regler for ”Lost disc” finn du her:
      • https://www.pdga.com/rules/official-rules-disc-golf/80503
         
    • Ta med mini som markør.
       
    • Sett mobilen på lydløs, og ver stille når nokon på gruppa di skal kaste.
       
    • Dersom du er usikker på kva du kan/skal gjere, spør dei andre på gruppa. Gruppa di bistår med å gje deg svaret du lurar på.
       
    • Er gruppa usikker på ein regel som knytter seg til ein situasjon på runda? Dokumenter situasjonen, fullfør begge mulige utfall og avklar med TD i lunsjen.

    Føre Score:

    Kvar gruppe skal føre score i discgolfmetrix og i PDGA Digital Scorecard. Velg difor ei/ein på gruppa til å føre i discgolfmetrix, og den andre i PDGA Digital Scorecard. Det er anledning til å byte undervegs.

    Det er fint om du gjer deg noko kjend med korleis ein fører score før du går til gruppa di.

    Når runden er ferdig kontrollerer gruppa at score på discgolfmetrix og i PDGA er korrekt og stemmer overeins.
     

    Hvordan føre score i PDGA Digital Scorecard:

    Klikk deg inn på denne lenka: http://www.pdga.com/score

    Access Code = Solund

    Signering av score: Når runda er ferdig, må alle spelara signere score. Klikk på dei einskilde deltakarane. Deretter skriv ein inn enten fullt etternamn eller PDGA-nummer.

    Kiosk:

    Skulen ved 10. klasse vil ha ein kiosk ved turneringssenteret. Dei sel bl.a. kaffi, brus og noko å bite i.

    Det vert vatn på dunker og bananer i tillegg til den varme lunsjen for dei som vil ha det.
     

    Sist, men ikkje minst..!

    Sjå deg rundt medan du kastar. Lytt til kjettingane som klirrar i det eksotiske konglomeratlandskapet. Smil. Gje ei oppmuntring, high-five og knoke når det passar seg. Tenk på kor heldig du var som fekk plass på turneringa. Ta deg tida til å bli kjend med nye diskgolfere. Ver takknemleg for alle dei i vårt utstrakte land som legg ned ein uvurdelig innsats for å etablere diskgolfdestinasjoner til alle oss som elskar å kaste frisbee. Ein spotter er like uvurdelig som ein styreleiar. Diskgolf er for alle. Diskgolf er eit folkehelsetilbod. Diskgolf er eit konkurransetilbod. Diskgolf bygger relasjoner og skapar nye relasjoner. Diskgolf er gøy!

    Tusen takk til alle som sidan etableringa i 2015 har kome med så flotte tilbakemeldingar til Solund Sendebrettlaug. Takk til alle som kjem på besøk for å spele i Draumeparken. Diskgolfmiljøet i Vestland har uten tvil bidrege til ein enorm glød og inspirasjon for alle oss som er engasjert i Solund Sendebrettlaug. Vi vil strekke oss til det ytterste for å gjere diskgolfdestinasjonen Draumeparken endå meir attraktiv. Både for innbyggjarane i Solund og for alle tilreisande.

    Underteikna gler seg til å skue utover Draumeparken og Idrettsparken medan han kjem til hull 10 og hull 11 på laurdag. Det blir eit emosjonelt øyeblikk for ein som har diskgolf og Solund i sitt hjarte!

    Lykke til, og god vind!
     

    Kontaktpersoner:

    TD og Laugsrådleiar - Håvard H. Mongstad, 406 32 299

    Laugsmedlem - Kristian Leirvåg, 480 55 892

    Laugsmedlem - Kjell Mongstad, 908 31 711

     

    Sponsors


    Share

    What would you like to share?