Login

Sunnmørstour Godøya

Påmeldinga startar 2. mai klokka 08:00. 

Format: To runder shotgun-start: 2x15 hol.
Bane: Godøy diskgolfpark - kuttar hol 5, men utvidar med fire nye hol for dagen. Hol-rekkefølgen blir også endra denne dagen.
Usanksjonert turnering 
Max 64 spelarar
TD: Tore Oksnes
Vi tilbyr følgende klasser: Open, Dame, Junior og Amatør (Advanced)
Open, Dame og Amatør: 150kr
Junior: 100kr
Betaling via Vipps til Godøy Disksport #689104, merk med navn og klasse.

 

Bana vår er ikkje den mest praktiske for shotgun-start, så vi har valgt å løyse det på følgjande måte: dei 30 første (Gruppe A) går ut klokka 0930 og brukar i underkant av 1,5 time på runda. Gruppe B med dei resterande 30 spelarane har start klokka 11. Vi sørgjer for at spelarar med lang reiseveg havnar i gruppe B.

 

Kvar gruppe får ca. 1,5 time pause mellom rundene, men vi har kiosk, aktivitetar og god utsikt til bana mens de ventar.

 

Program:

0900: Samling i klubbhuset for gruppe A

0930: Første runde for gruppe A

1030: Samling i klubbhuset for gruppe B

1100: Første runde for gruppe B

1230: Andre runde for gruppe A

1400: Andre runde for gruppe B

1530-1600: Premieutdeling på Disksport-terrassen

Share

What would you like to share?