Login

Velkommen til Sunnmørstour Godøy!

06/09/23

Akkurat no legg diskgolfgruppa siste hand på verket før de alle er hjarteleg velkomen til årets høgdepunkt her på bana vår i morgon, laurdag!

Vi møtast til spelarmøte utanfor diskgolfbua klokka 09:30, og finn våre starthol til klokka slår 10. Vi speler to runder shotgun-start (fellesstart for alle 64) på vårt nye 18-holsoppsett med ei god pause mellom rundene. Det blir litt speling i lyngen på oppsida av stadion, så ta med gode sko. I pausa blir det mulig å kjøpe mat og drikke i kiosken. 

Parkeringa på stadion er begrensa, så supert om folk samkøyrer, og øyingar tek beina eller sykkelen fatt. Dersom det blir fullt på parkeringa er det fint om de parkerer på skulen og går nokre hundre meter ned til stadion. 

Sidan vi spelar alle 64 på same tid er det viktig at vi tek hensyn til kvarandre. Vi ventar til holet er ledig, kastar ikkje mot folk som står i bana, og ropar «fore» dersom det er fare for å treffe nokon. Og så er det dei som er på holet med høgast holnummer som har forkjørsrett. 

Velkomen klokka 09:30!

Betaling: 

Open, Dame og Amatør: 150kr

Junior: 100kr

Betaling via Vipps til Godøy Disksport #689104, merk med navn og klasse.

Share

What would you like to share?