05/11/24 10:00|Hardbakke → Draumeparken - Konkurranselayout|NORWAY, Vestland, Hardbakke
SOLUNDMEISTERSKAPEN 2024
Vi har den store gleda av å ynskje deg velkomen til årets eventyr i Draumeparken, Solundmeisterskapen 2024. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for ei diskgolf helg, der alle får ein opplevelse i majestetiske omgivelser.
Dette er offisiell turneringsinformasjon for Solundmeisterskapen 2024. Følg Solund Sendebrettlaug si gruppe på facebook og instagram (konto: sendebrettlauget.no) for orienteringar undervegs knytt til turnering, påmelding og bane (endringar, påminningar etc.).
Påmelding til "Vaffelgolf dagen før dagen - SM 2024: https://discgolfmetrix.com/2842076
Påmelding til "Pargolfen i Solund 12. mai - Extended Edition 22-hull": https://discgolfmetrix.com/2831393
TAKK TIL ÅRETS STØTTESPELARAR OG SPONSORAR!
For å gjennomføre Solundmeisterskapen er vi avhengig av gode støttespelarar og sponsorer. I 2024 er vi så heldig å ha fått mange gode støttespelarar. I år er det Vidar Hop Skyssbåter AS som er vår hovudsponsor.
Med gode støttespelarar betyr det at alle deltakarar kan vera heldige og vinne ein premie, uavhengig av kor ein hamnar på resultatlista. I tillegg bidreg det til oppgradering og fasilitering av vårt diskgolfanlegg.
Tusen takk også til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for ei flott gåve i høve vårt arrangement. Og ikkje minst alle friviljuge som bidreg!
TIDSSKJEMA TURNERINGSHELG:
Fredag 10. Mai
Bana er tilgjengeleg for spel og trening heile dagen. God/sunn diskgolfetikette nyttast dersom trening finn stad i samband med runden "Vaffelgolf dagen før dagen - SM 2024".
14:30 Oppmøte og inndeling grupper ved Idrettshuset for deltagere til "Vaffelgolf dagen før dagen - SM 2024"
15:00 Start "Vaffelgolf dagen før dagen - SM 2024"
- Sal av Vafler og kaffi ved Idrettshuset ved Idrettsparken
ca. 18:00 Burger & Musikk på Skafferiet Mat & Drikke, open pub
ca. 21:00 Musikk med "Frøyen & Svoger'n" på Skafferiet Mat & Drikke.
Laurdag 11. Mai
(Ca. 08:20 Ankomst Hardbakke med bil fra ferjekaia.)
08:30 – 09:15 Obligatorisk spelarregistrering ved idrettshuset
09:15 Obligatorisk fellesinfo (ca. 10 min)
10:00 Start Runde 1
—— Pause med varm lunsj ——
14:30 Start Runde 2
Ca. 18:00 Premiering
(Ca. 19:20 Avreise til Krakhella for dei som skal med ferja. Take-away pizza kan undersøkast mot Skafferiet dersom ein ynskjer å ta med pizza på ferja)
Ca. 18:30-20:30 Pizza på Skafferiet Mat & Drikke og open pub
Ca. 20:30 Quiz på Skafferiet Mat & Drikke
Søndag 12. Mai
10:00 Obligatorisk oppmøte med fellesinfo (ca. 10 min)
10:30 Start "Pargolfen i Solund Extended Edition 22-hull"
Ca. 14:00 Premiering
Etter premiering er farvel-middag mogleg å få kjøpt på Skafferiet Mat & Drikke (men sjekk at du rekk den ferja du vil rekke)
Ca. 14:40 Avreise mot Krakhella for dei som skal med ferja.
KONKURRANSEINFORMASJON
I det følgande finn du informasjon om bane (caddy-bok), spelarregistrering, føring av score + litt merksemd rundt eitt par sentrale regler når du kastar. Som deltagar er du ansvarleg for å gjere deg kjend med informasjonen under.
Bane, layout og caddybok
Draumeparken diskgolfdestinasjon består av Draumeparken 22-hols bane og Idrettsparken 9-hols bane. I Draumeparken er det tre stykk layouter.
På turneringsdag laurdag (og fredagens Vaffelgolf dagen før dagen - SM 2024) nyttar vi konkurranse-layout på 18 hull. Konkurranse-layout inneheld hol 4A - 4D. Her er caddybok for konkurranse-layout:
- Draumeparken- Konkurranselayout: /img/upload/files/Caddybok%20Draumeparken%2018%20hols%20konkurranselayout%202024-04-11(1).pdf
Til "Pargolfen i Solund 12. mai - Extended Edition" nyttar vi full 22-hols bane. Her er caddybok for full bane:
- Draumeparken 22-hols bane: /img/upload/files/Caddybok%20Draumeparken%2022%20hols%20bane%202024-04-11(1).pdf
Gå gjennom caddyboka som er aktuell for deg.
Spelarregistrering
Det er obligatorisk spelarregistrering ved det nye idrettshuset. Her legg vi ut eit skjema som blir lett tilgjengeleg.
Det første du skal gjere er difor å krysse av på skjemaet at du er komen.
Ved avmelding: Send SMS snarast til arrangør på telefon 482 88 645 OG 406 32 299
Føre score i PDGA
Alle spelara skal føre score i "PDGA-Live". Ha difor mobil tilgjengeleg på runden med batteri. Om du ikkje har høve til å føre score på denne måten, så tar du kontakt med arrangør.
Å føre score gjennom appen er smidig og enkelt. Det fins mange som har gjort dette før, og som kan bistå deg. Det er strømuttak ved klubbhuset ved Idrettsparken, dersom du treng lading mellom rundane. Discgolfmetrix skal ikkje nyttast til scoreføring.
Korleis føre score i PDGA:
1. Last ned appen "PDGA - Live", eller nytt denne lenka i nettleseren: http://www.pdga.com/score
2. Access Code = Solund
Eksempel på god skikk på registrering av score undervegs:
Spelar A, B, C og D er ferdig på eit hol. Dei går då umiddelbart vidare til neste utkast. Når alle er kome fram, vert namn på spelar A lest høgt opp. Spelar A responderar med sitt antal kast på holet. Deretter vert namn på spelar B lest opp, og spelar B responderar med sitt antall kast. Og så vidare.
Når runden er ferdig:
a) Gruppa går saman og kontrollerar sine scorekort i PDGA-Live appen
b) Gruppa signere score i PDGA-Live appen. Søk på ditt namn (fornamn eller etternamn) eller PDGA-nummer. Send deretter inn score.
c) Kontroller at alle på gruppa har levert sitt digitale scorekort.
Vi gjer merksam på følgjande om bana:
- OB er markert med pinner og vardar med kvitmaling. Ein nyttar siktepunkt mellom OB-markører til å fastslå om disken er god eller ikkje. Ved hol 16 og 18 vil de sjå at deler av OB-markeringen òg er gjort med linjer/tråd.
- Bæææ...? Fra hol 2 - 4C kan det dukke opp ein villsau i fairway. Dei flyttar seg fint og pynteleg ut av fairway om du ber dei. Vis sunt villsauvett, så går det veldig fint.
Vi gjer merksam på følgjande reglar/etikette til konkurransen:
- Hugs å lade mobilen! Mobilen nyttast til å føre score under turneringa
- Set mobilen på lydløs, og ver stille idet nokon skal kaste
- Følg med på den som kastar og kvar disken landar. Då blir det enklare å finne den.
- Ta med mini som markør
- Dersom du er usikker på kva du kan/skal gjere, spør dei andre på gruppa. Gruppa di bistår med å gje svaret du lurar på.
- Er gruppa usikker på ein regel som knytter seg til ein situasjon på bana? Sjå om situasjonen kan avklarast etter regler fra caddybok. Hugs også at PDGA sitt reglement kan sjekkast ved behov (app:PDGA-Live)
Fun-facts om bana: visste du at...
... det finnes ein super-duper hemmeleg utkiksbenk i Draumeparken. Finn du den?
... det er nesten alltid vindstille i Solund, og det er alltid sol
... Jon Liseth har hol 4 langt ned i lomma si
... laugsjunior Gaute har banerekord på -10 på 22-hols bana
... villsauane forvekslar iblant baneforvaltar Kjell Mongstad til å vere ein av deira eigne
Omspel ved delt førsteplass
Dersom det blir delt 1.plass i ein klasse, vert vinnaren avgjort ved omspel på publikumsvenlege hol. Det skal trekkast lodd om kven som kastar først. Følgjande hol nyttast til omspel:
- Hull 14 -> Hull 16 ved behov -> Hull 14 ved behov
Premiering
Solundmeisterskapet er eit feel-good arrangement over ei turneringshelg med fokus på kasteglede og sosialt samvær. Premiering vil vere ulike typer gåver, og som mellom anna våre støttespelarar og sponsorar bidreg med i forkant av arrangementet. Det vil òg trekkast deltakarpremier som gjer at alle kan vinne uavhengig av plassering og prestasjon.
Eit trofè ventar sjølvsagt vinnarane av dei ulike klassane med påskrift: SOLUNDMEISTER 2024.
Påmeldingsavgift vert nytta til å dekke varm lunsj mellom runder og drikke, og eventuelt overskudd går utelukkande til videreutvikling av Draumeparken Diskgolfdestinasjon.
PRAKTISK Å VITE
Turneringssenter:
Turneringssenter er framføre hovudinngangen til det nye idrettshuset ved idrettsparken. Det er mogleg å parkere ved klubbhuset, langs grusvegen opp mot Idrettsparken eller alternativt ved SPAR (7 min gange). Det er toalett ved idrettshuset ved bana.
Reise til/frå Solund:
For å kome til Solund med bil må du køyre til Rutledal eller Rysjedalsvika ferjekai. Deretter tar du ferja over til Krakhella kai og køyrer til kommunesenteret Hardbakke. Ein kan også kome seg til Krakhella med NORLED sin snøggbåt (norled.no).
Viktig: Sjekk ferjeavgangane før du køyrer (FJORD1). Sjekk vegmeldingane før du køyrer (vegvesen.no). Vanlegvis fri ferdsel i helger. Du må vente lenge om du ikkje rekk ferja!
Mat:
På Hardbakke på Solund er det ein SPAR. Den stengjer 18:00 kvardager og 15:00 laurdag. Den er ikkje ope sundager. Skafferiet Mat & Drikke held opent for matservering fredag og laurdag. Den er stengd sundag. Det vert varm lunsj i pausen/mellom rundane på turneringsdag laurdag.
Planlegg innkjøp av mat etter behov på bakgrunn av overnevnte.
Overnatting
I Solund kommune er overnattingstilboda fleire og varierte. Det vert tilrådd å reservere overnatting snarast og i god tid før meisterskapen. Under følgjer ei oversikt over tilbod sentralt på Hardbakke:
Solund Leilighetshotell / Solund Gjestegaard
Leiligheter - www.solund.com
(NB: gjør bookingen via solund.com og ikke booking.com for gunstigst pris)
Steinsund Marinesenter:
Rorbuer/hytter/hus - www.steinsund.no
Opp til 8 personer i en rorbu/hytte/hus.
Annet:
Det finns overnattingstilbod utover dette òg. Nytt søkemotoren Google og undersøk AirBnB dersom du står fast. Ta kontakt om du har utfordringar med å finne overnatting.
Påmeldingsavgift
kr. 250,- for Open og Damer
kr. 100,- for Junior
Varm lunsj er inkludert mellom runde 1 og runde 2 på turneringsdag laurdag.
VIPPS: #105866 - Merk betaling med "Namn" og "Solundmeisterskapen 2024".
Pargolfen på sundag og vaffelgolfen på fredag er gratis!
Velkomen skal dykk vere til Solund for turneringshelg. Særskilt velkomen til deg som kjem for første gong, eller som deltek på di første turnering - dette blir bra! Ta kontakt om du lurar på noko!
KONTAKTPERSONER
Arrangementsansvarleg - Håvard H. Mongstad: 406 32 299
Baneansvarleg teknisk avdeling - Gaute Hauge og Truls Osland: 482 88 645 / 468 37 711
Alt-mulig-mann - Kjell Mongstad: 908 31 711
Materialforvaltar - Lars Myhrer: 413 12 407