Login

08/11/18 09:00|Jemtegård Diskgolfbane → 18 hol fram t.o.m. 2021|NORWAY, Møre og Romsdal, Valldal


Jemtegård Open 2018

Jemtegård Open (JO) blir arrangert laurdag 11.august og er ein konkurranse som trekker både topp- og breiddespelarar i Norge. Her kan altså kven som helst delta. Dette er fjerde året vi arrangerar JO. I 2015 vann Jostein Håland frå Langevåg og i 2016 vann Ståle Stai Hakstad frå Kristiansund. Begge har vore norgesmeistarar! I 2017 vann Knut Håland frå Langevåg. Han har i 2018 herja i norgescupen med tre førsteplassar og ein andreplass etter dei fire første, noko som gjer at han allereie er vinnar av årets Norgescup.

Maks. 60 spelarar (inkl. 5 wildcards)

Klasser: Open og nybegynnar/rekreasjon.

Konkurranseform: 2 x 18 hol for alle. Finale for 4 beste i open (hol 1-3-4-5-16).

Pris: 250 kr per spelar inkludert mat og drikke i pausa.

Betaling: Vipps til 92 88 97 79

Påmeldingsfrist: Betalt innan torsdag 9. august kl.23:59.

Premiering: 3 beste i kvar klasse, ctp, mm.

Overnatting: Deltakarar får 10 % på overnatting ved Jemtegård Feriesenter. Sjekk www.jemtegaard.no for meir informasjon. Eventuell booking må skje direkte med Jemtegård Feriesenter.

Diverse:

  • Du treng ikkje lisens for å vere med på JO
  • Turneringa er heller ikkje pdga-sanksjonert.
  • Vi har kiosk med drikke, sjokolade, is m.m.
  • Du kan også få kjøpe dusjpolettar i kiosken.

Tidsskjema:

  • 09:00 Spelarmøte og utdeling av skårkort. Oppvarming ute ved starthola.
  • 10:00 Start runde 1
  • 12:30 Matpause
  • 13:30 Start runde 2
  • 16:00 Finale i open
  • 17:00 Premieutdeling

Alle tider er ca. og små endringar kan skje.

Banen: Vi jobbar med ein del forandringar på banen, bl.a. med tre heilt nye hol. Du finn banekart, holkart og baneforklaring for turneringa her.

Kontakt: TD Richard Moen på mobiltlf. 92 88 97 79 eller richard.moen@mibox.no.

Share

What would you like to share?