Login

    Klubbmesterskapet 2018 for Valldal IL Disksport blir søndag 7.oktober. Oppmøte kl.10.00. Det blir to klasser; medlemmar og gjestar, og det er sjølvsagt berre medlemmar som kan bli klubbmester. For å sjekke om du er medlem eller for å bli medlem, kan du gå inn på MinIdrett på nett eller som app på mobilen. Det er også bra viss du under mine idretter og steg 1 vel aktivitet: Amerikanske idretter og frisbee for å støtte disksporten.

    Tidsskjema (ca):

    • 10.00 Oppmøte/registrering/gruppeinndeling/oppvarming
    • 11.00 1.runde (18 hol)
    • 13.30 Matpause
    • 14.00 2.runde (12 hol)
    • 16.00 Finale (6 hol for dei 5 beste medlemmane)
    • 17.00 Premieutdeling

    Rundane

    1.runde går på 18-holsbanen og gruppene (maks 4 pers/gruppe) blir tilfeldig inndelt. På 2.runden går vi same hola som Vekas runde. Her blir gruppene (maks 4 pers/gruppe så langt det går) delt inn etter klasse og resultat frå 1.runden. I finalen går dei 5 best plasserte medlemmene 6 hol. Det blir dei hola som ikkje er på Vekas runde, dvs 8, 9, 10, 11, 14 og 17. Ved evt. lik sum for 1.plassen, blir omspel gjort frå hol 1 og utover på den ordinære 18-holsbanen til det er ulikt resultat.

    Diverse

    • Ta med mat og drikke (kiosken er stengt)
    • Vipps 50 kr til #528983 (Betal - Valldal IL Disksport - Påmelding - Valldalsmeisterskap
    •  

    Share

    What would you like to share?