Login

04/19/19 12:00|Jemtegård Diskgolfbane → 2-disk 18 hol fram t.o.m. 2021|NORWAY, Møre og Romsdal, Valldal

  • Comment: Sjå INFO-fane for reglar

Kva: Langputtfredag er ein konkurranse som set fokus på... langputt.

Kven: Alle som vil, uansett alder, utsjånad, kjønn, religion, etnisitet...

Kvifor: For å bli betre til å putte, spesielt frå distanse.

Kostnad: Gratis. Men vi oppmodar til å Vippse ein liten sum i gåve til Valldal IL Disksport - #528983 - for oppgradering av utkastfelt. Enkel premiering.

Kor: Jemtegård Diskgolfbane.

Når: Fredag 19. april 2019 kl. 12:00. (Tar ca. eit par timar)

Korleis:

  • 1 x 18 hol.
  • Vanlege OB- og mandoreglar.
  • Når du landar innafor 10-meter-sirkelen, MÅ du trekke disken tilbake til sirkelen og ta førsteputten derifrå. Så spelar du som vanleg. Det vil seie at alle må putte frå 10 m på alle 18 hola. 

Kva viss:

  • Dersom du kastar og landar innanfor 10-meter-sirkelen, trekker du disken ut til 10 m. Det neste kastet ditt blir då ein 10-metersputt.
    • Treff = ferdig med holet.
    • Bom = fortset puttinga frå der du landar, uansett om den ligg 3m eller 12 m frå korg. 
  • Dersom du kastar frå utkast og landar utanfor 10-meter-sirkelen, puttar/drivar du som vanleg derifrå.
    • Landar neste kast utanfor = fortset som vanleg
    • Landar neste kast innanfor = 10-metersputt
  • Alle får ein 10-metersputt frå alle hol, bortsett frå viss ein set ein langputt frå meir enn 10 m.
  • Å trekke disken frå f.eks. 2 m frå korg til 10-meter-sirkelen er ikkje eit straffekast slik som med OB.
  • På korg #17 (OB-øya) må du sjølvsagt stå i OB, når du puttar frå 10 m.

 

 

Share

What would you like to share?