Login

Jemtegård Open

Jemtegård Open (JO) blir arrangert laurdag 10.august og er ein konkurranse som trekker både topp- og breiddespelarar i Norge. Her kan altså kven som helst delta. Dette er fjerde året vi arrangerar JO. I år er vi glade for at Nord-Vest Revisjon AS sponsar arrangementet med 10.000 kr, der 8.000 kr går til premiering og 2.000 kr til forbetring av bana. Jemtegård Feriesenter stiller med mat og drikke til alle deltakarar i pausa, dette er inkludert i deltakaravgifta. I tillegg har dei open kiosk der ein kan få kjøpe brus, sjokolade, is, dusjpolettar m.m.

Dette er fjerde året vi arrangerar JO og vi har hatt profilerte vinnarar. I 2015 vann Jostein Håland frå Langevåg og i 2016 vann Ståle Stai Hakstad frå Kristiansund. Begge har vore norgesmeistarar! I 2017 vann Knut Håland frå Langevåg. Han vann også Norgescupen samanlagt det året. Sølve André Hatlen frå Volda vann i 2018. Han har medalje og fleire topp 6 plasseringar frå NM.

Maks. 60 spelarar (inkl. 5 wildcards)

Klasser: Open og rekreasjon.

Konkurranseform: 2 x 18 hol for alle. Topp 4 i Open har i tillegg ei finale på 5 hol (1, 2, 3, 16, 18).

Pris: 250 kr per spelar inkludert mat og drikke i pausa. Vipps til Valldal IL Disksport – #528983

Påmelding: Påmelding skjer her på DiscGolfMetrix. 

Påmeldingsfrist: Betalt innan torsdag 8. august kl.23:59.

Premiering: Alle premiar er sponsa av Nord-Vest Revisjon AS.

  • Open: 1.plass = 3.000 kr, 2.plass = 1.500 kr og 3.plass = 1.000 kr
  • Rekreasjon: Premiar til topp 3 med verdi 500 kr til saman
  • CTP på #8 = 500 kr
  • Longest put på #16 = 500 kr
  • 2 stk uttrekkspremiar à 500 kr, som trekkjast blant dei som møter på premieutdelinga og som ikkje har vunne noko anna

Overnatting: Deltakarar får 10 % på overnatting ved Jemtegård Feriesenter. Sjekk www.jemtegaard.no for meir informasjon. Eventuell booking må skje direkte med Jemtegård Feriesenter.

Diverse:

  • Du treng ikkje lisens for å vere med på JO
  • Turneringa er heller ikkje pdga-sanksjonert.
  • Vi har kiosk med drikke, sjokolade, is m.m.
  • Du kan også få kjøpe dusjpolettar i kiosken.

Tidsskjema:

  • 09:00 Spelarmøte og utdeling av skårkort. Oppvarming ute ved starthola.
  • 10:00 Start runde 1
  • 12:30 Matpause
  • 13:30 Start runde 2
  • 16:00 Finale i open
  • 17:00 Premieutdeling

Alle tider er ca. og små endringar kan skje.

Banen: Vi spelar banen slik vi gjorde i fjor. Det blir altså den ordinære bana med ein vesentleg forandring, nemleg OB på og til høgre for asfalt på hol 1.

Kontakt: TD Richard Moen på mobiltlf. 92 88 97 79 eller richardmoen68@gmail.com.

Sponsors

Nord-Vest Revisjon AS
Valldal IL
Jemtegård Feriesenter

Share

What would you like to share?